Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Generelt

    Heimesjukepleien gjev pleie og omsorg til sjuke og funksjonshemma i eigen heim. Slik reduserast behovet for ein sjukeheimsplass. Tenesta kan til eksempel inkludere sårbehandling, personleg stell og medikamenthandtering.

    Vilkår

    Det er behovet ditt som avgjer om du vil kunne få tenesta.

    Pris

    Tenesta er gratis.

    Brosjyrer

    Lovar og retningsliner

    Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta. Sjå helse- og omsorgstenestelova §§ 3-1 og 3-2. Sjå òg pasient- og brukarrettslova kapittel 7.

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om heimesjukepleie, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.

    Skjema


    Vedlegg

    Du må leggje ved ei fullmakt dersom det er ein annan som søkjer for deg.

    Behandling

    Kommunen skal innhente nødvendige opplysningar for å avgjere saka. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving saman med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du blir misnøgd med vedtaket. Om grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

    Behandlingstid

    Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

    Høve til å klage

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, kan du klage vidare til helsetilsynet i fylket.

    Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren.

    Du kan òg klage til fylkesmannen i fylket ditt over uforsvarleg utføring av tenesta, utilstrekkeleg eller feil informasjon eller brot på teieplikta.
     
    Skulle det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.

    Merknadar


fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk