Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Generelt

    På den skulen du går, skal det vere eit tilbod om rådgjeving. Du skal få hjelp til å ta avgjerder som gjeld di vidare utdanning og ditt yrkesval (utdannings- og yrkesrådgiving). Har du personlege problem og vanskar med å finne deg til rette på skulen, skal du også kunne få råd (sosialpedagogisk rådgjeving). Skulen kan eventuelt finne dei riktige hjelpeinstansane og formidle kontakt med dei. Du og foreldra dine skal få informasjon om at dette rådgjevingstilbodet finst. Avhengig av behovet ditt kan rådgjevinga skje i gruppe eller individuelt. Målet er at du skal få hjelp til å utvikle deg og utnytte dei ressursane du har – og utan å vere bunde av tradisjonelle kjønnsroller.

    Rådgjeivinga skal medverke til å utjamne sosiale forskjellar elevane imellom, førebyggje at elevar ikkje fullfører skulen og integrere etniske minoritetar. 

    Målgruppe

    Elevar i grunnskule og vidaregåande skule

    Vilkår

    Rådgjevinga dreier seg om utdannings- og yrkesval og personlege, sosiale og kjenslemessige problem som kan ha noko å seie for opplæringa eller korleis du har det på skulen. Dei faglege problema vil liggje under ansvarsområdet til kontaktlæraren eller PP-tenesta.

    Pris

    Tenesta er gratis.

    Partnarar

    Eleven sine føresette og hjelpeinstansar utanfor skulen

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Som skuleeigar har kommunen/fylkeskommunen ansvar for å ha eit tilbod om rådgjeving. Dersom du ikkje får nødvendig rådgjeving, kan du vende deg til Fylkesmannen som fører tilsyn etter opplæringslova.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk