Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

eDialog - sikker post

Fyresdal kommune har tatt i bruk eDialog. Med eDialog kan du trygt sende oss brev og dokument elektronisk sjølv om dei inneheld sensitiv informasjon.

Fordelane med eDialog:

- Du sender informasjon gjennom ein sikker kanal.
- Det gir ein sikker identifikasjon av avsendar.
- Innsendt informasjon blir sendt rett inn i saks-/arkivsystemet.

Vi anbefalar deg å bruke eDialog når du skal sende noko til kommunen, også når innhaldet ikkje er sensitivt. Du skal ikkje bruke eDialog dersom Fyresdal kommune har elektroniske skjema til formålet, til dømes søknad om plass i barnehage og SFO, søknad om ulike tilskot, søknad på ledig stilling osv.

ID-porten

For å bruke tenesta må du logge deg på / autentisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID, bankID på mobil, minID osv.) Når du har logga deg inn, fyller du ut skjemaet og lastar inn eventuelle vedlegg i form av pdf-filer. Obligatoriske felt er merkt med *. I tittelfeltet er det fint om du oppgir saksnummeret ditt hvis du sender oss noko i samband med ei eksisterande sak, til dømes 2016/1310.

Her finn du eDialog 

Her finn du våre elektroniske skjema

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk