Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Psykologspesialist / psykolog

Hjerne

Fem kommunar i Vest-Telemark søkjer etter psykologspesialist eller psykolog med ynskje om spesialisering innan klinisk samfunns- og allmennpsykologi.

Som fylgje av nasjonal satsing innan psykisk helse og rus er det oppretta to 100 % psykologstillingar i regionen. Ei av desse stillingane er ledig for tilsetjing.

Vest-Telemarkkommunane er utviklingsorienterte og søkjer etter psykologar som vil vere med i utviklinga av tenestene. Kommunane har definert barn og unge som særskilde satsingsområde. 

Det vert lagt vekt på fylgjande arbeidsområde for psykologstillingane:

  • Plan- og utviklingsarbeid.
  • Tverrfagleg arbeid, både primærførebyggjande og oppfølging i enkeltsaker.
  • Rettleiing av faggrupper/profesjonar.
  • Klinisk arbeid.

Prioritering og organisering av arbeidet vil føregå i dialog mellom den psykologen som blir tilsett og kommunane, og vere forankra i samarbeidsavtale mellom kommunane i regionen. 

Psykologane vil få tilbod om kompetanseutvikling og deltaking i lokale fagnettverk, enten i regi av spesialisthelsetenesta og/eller psykologar i andre kommunar, samt rettleiing, individuelt eller i gruppe. Det vert gjeve konkurransedyktig løn og medlemskap i kommunal pensjonsordning. Dersom søkjar ikkje har gjennomført spesialisering, vil det ved tilsetjing bli lagt til rette for spesialisering innan klinisk samfunns- og allmennpsykologi.

Søkjar må ha førarkort, bil vert stilt til disposisjon i arbeidstida. Det er krav om politiattest før tilsetjing.

Spørsmål?

For meir informasjon om stillingane, kontakt samhandlingskoordinator Kari Gro Espeland på samhandling@seljord.kommune.no eller 995 39 515.

Informasjon om kommunane i regionen er tilgjengeleg på fyresdal.kommune.no, kviteseid.kommune.no, nissedal.kommune.no, seljord.kommune.no og tokke.kommune.no.

Søknad sendast via post@seljord.kommune.no innan 23.09.2019.

Velkommen som søkjar!

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk