Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Teaterworkshop Skeidet 2019

Kulturskulen ynskjer også i år å ha teaterworkshop som ein del av Skeidet, og inviterer til teaterworkshop som vil ende i framsyning i Øyskogen laurdag 17. august.

Kurset vil vere frå måndag 12. august til og med fredag 16. august, kl. 10.00-14.30, med framsyning laurdag 17. august under marknaden på Skeidet.

Instruktør er dramapedagog Anne Bolstad Skålid.

Alle øvingar skjer ute dersom det er godt vær.

Dette er både moro og lærerikt, så her er det bare å melde seg på!

Pris per deltakar: kr 500,-.

Aldersgruppe: 7-15 år.

Påmelding til kulturskulen ved Hilde innan 15. juni på tlf. 952 70 905 eller e-post hilde.momrak@fyresdal.kommune

Skeid

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk